Helgeblogg

D57E4C48-4BF9-42BD-BE13-68723487E05ADF19DEFC-EA34-44F4-B2AD-A7FF8F8B3D25D3D0CE5C-CB15-49C3-A199-F2241D8F64D659707C79-6875-4B0E-B8CC-599681313A0CD98A9883-62FA-4E55-904D-35747CA5B9D2Hei og god søndags kveld! Litt sein blogging, men Power night’en tok all energien ut av meg heile helga?

Fredag var det oss sjølve mot oss sjølve. Vi køyrde to Amrap på fire minutt med 6 minutt pause imellom. Her var målet å få best mulig score på den første, for så å slå oss sjølve på den andre:) Alle hadde ei kjempegod innstilling og seg sjølv som konkurrent. Dette var ein god måte å presse seg sjølv på og lære kva begrensinger ein set for seg sjølv når «arbeidet» er ukjent (Amrap nr1) i forhold til om ein veit akkurat kva og korleis ein skal gjer «arbeidet» (amrap nr 2).

Powernight økta blei hissig og alle låg flate på golvet etter økta:) Sånn blir det når Andreas kjem med forslag at vi skal avslutte med burpees over the box i staden for berre burpees! Han var forresten ikkje med sjølv!?

I dag har vi hatt ein hinsides innsats på dugnaden og vi kom lenger enn forventa. Fantastisk team spirit og veldig kjekt at så mange er ivrige på å vere med i klargjeringa av det nye lokalet!
Kos dokke resten av søndagskvelden og bli klar for ei ny veke!

Punktum slutt.

Leave a Comment