top of page
logo.jpg
Search

"Ante up" - 24.05.2023

Hallaisen alle blogglesarar! :-D


Nok ein dag vel gjennomført og nok ei knallbra treningsøkt på Verftet!


"Ante up" var namnet på dagens WOD. Måtte (programmerings)gudane vite kva det skal bety. Dette var ei terskeløkt som krevde at ein var konsentrert om å halde kroppen i gang. Det er veldig lett å gi etter for ein ekstra lang pause når ein kjenner at kroppen verkar, men det er av og til veldig kjekt også å sjå at dersom hjernen vil, klarar kroppen det! Fokuset på økta var å ha minst mogleg pausar mellom dei forskjellige bevegelsane. Eg er sikker på at dei som var i stand til dette, merka at rundane fløyg av gårde!


Del ein i dag bestod av å byggje til dagens tunge 3-reppar. Me har masse sterke folk på Verftet! Imponerane! Under ser du Vilde med 105 kg på stanga!




Ellers må dagens blogg innehalde ein shoutout til Thadeus! Han har nemleg fullført ein vidareutdanning som crossfit coach! Grattis! Gi han ein high five og gratuler han neste gong du ser han! Bra jobba! På bildet under ser du kor nøgd han var med resultatet.


Vil også sende ein shoutout til Spania og Bjørgulf som har ein aktiv ferie der!


Under er det fleire bilete av spreke medlemmer som gjer sitt for folkehelsa! Både WOD, BAF og på senior-timen!





Og til sist; dagens resultattavle!




Ha ein strålande kveld alle som ein! :-D Helsing Eirik&Thad!

194 views

Comments


bottom of page