top of page
logo.jpg
Search

HTG3 - 24.april.2023

Halla bloggen! :-D


Dagens økt ja..! Håpar du var klar for tunge dumbbells og slitsomme power cleans i dag, for viss ikkje... Vel, så synd trist leit, det var det som var på dagens meny!






To minuttars jobbing kan vere nokså intenst, det fekk i alle fall dagens økt demonstrert. For etter ein rask bakkeintervall var det fleire som kjente at det var tungt å plukke opp stanga og sette i gang med vendingane sine. Me merka også at utetemperaturen hadde gått ned eit par grader sidan helga. Kanskje kunne me ikkje legge heilt bort overtrekkskleda endå..?






I del ein av dagens økt fekk me svinga oss med nokre tunge dumbbells i form av 5x5 benkpress. Fokuset her var å aktivisere alle musklane i heile kroppen for å bli stabil, og dermed få eit best mogleg utgongspunkt i kvart løft.





I dag var det også verftet atletklubb med Jørgen. Her var det ein blanding av tunge løft, løfteteknikk etterfulgt av ei god sveitteøkt til slutt. Jørgen poengterer at her er berre å møte opp uansett kva nivå ein er på. Test det ut neste gong då vel, du vil ikkje bli skuffa!


Fleire bilete av dagens flotte atletar er under.


Meld deg på Game Night ! ❤️




Jeg holder med forberedelser til Coaches Congress til helgen i Stockholm. Leser 3 bøker på samme tid og ikke minst ser en hau med TED Talks. Må jo gjøre ting skikkelig 🤩


Ville da dele denne med dere, slike mennesker får bonuspoeng slik dere også fikk på trening idag =))



Og til sist kjem sjølvsagt også dagens resultattavle:






Han ein aldeles nydeleg kveld alle saman! Eirik og Andreas out!


183 views

Comments


bottom of page