Dagens økt var delt i to delar, der den første bestod av squat snatch. Fleire fekke seg erfaringar med at dette er ei kompleks rørsle der mykje skjer på kort tid. Fokuset vårt i dag skulle vere å halde stanga vår tett inntil kroppen gjennom heile rørsla. På del ein av dagens økt var det nok mange som opplevde å få individuelle peikepinnar dei skulle ta med seg. Grunnen til det er at me trenarar ser ekstra godt at på slike komplekse løft, har kvar og ein sine einskilde utfordringar. Nokre har skuldermobilitet og har fått beskjed om å tøye meir. For andre er det hoftemobilitet, medan andre igjen slit med handledda sine. Hugs at du ikkje er åleine om dette og gjerne spør oss om tips!
Ellers har det vore meditasjon som after wod i dag. Dei som var på morgonøktene fekk i alle fall tid til dette, og Andreas kunne melde at nokre av medlemmene våre i alle fall fann indre ro etter timen. Jørgen trengte kanskje dette etter at han dunka opp 100 rolege kilo på sitt siste løft i dag (kort aplaus til Jøgge)! Også ein kort applaus til Haugesunds avis som stilte mannsterke i dag på 10:15-timen!
Det meldes også om at kaffislabberas og relasjonsbyggjing etter timane! Veldig kjekt å høyre at de brukar litt tid på å bli bedre kjent med einannan.
Margrethe kunne melde frå sunn&sprek at Karen elsker Devils press! For då medlemmene fekk velge kva øvelsar dei ville ha, ja då var ikkje Karen snauare enn at ho ønska devils press (ja, Karen var alltid den som spurde om å ho skulle ha hjelm i forsvaret).
Og til slutt eit nydeleg bilete av brødrene Aarekol i flott driv samt bilete av dagens økt og resultatene frå dagen!
Ha ein fortreffeleg aften alle saman! - Eirik og Magz!
Comments