God kveld alle saman! Nok ein dag forbi, og nok ein dag med masse fantastiske folk som gjer sitt for å auke livskvaliteten sin. 🤩
Dagens WOD bestod av øvingar med kettlebell og med boks. Mange (meg sjølv inkludert) kjente nok i dag at beina hadde fått køyrd seg godt i gårsdagens økt, og at dagens økt kjendes ekstra tung ut på grunn av det.
Me vil og gratulera kongen av morgetimane med dagen, Thor Arne Lie!!
Der var ein flott gjeng på seniortimen i dag, og der var også rimelig stor aldersforskjel på deltakarane, som vist på bilete under. Nokre på sykkel, andre i godt driv på farmers carry!
I kveld vil me også minne alle saman på "oktoberfest throwdown" som skal vere den 07.10.23. Dette er ein team-konkurranse der ein kan melde på lag i gutt/gutt-klassen eller jente/jente/-klassen. Det er 10 plassar att og me forventar at det blir utsolgt, så finn ein venn og meld deg på! Meir informasjon er å finne på facebookgruppa "crossfit verftet medlemmer" under "arrangementer". Detta blir skoi!
Til sist vil eg ønske alle ein strålande kveld og god betring til alle slitne bein der ute! Under er bilder frå dagen!
- Helsing Eirik og Serina!
Comments