top of page
logo.jpg
Search

Simple, not easy - 12.04.23

God kveld i stoggo alle saman! :-D Og velkommen til denne dagens kveldslektyre. Ta deg ein paause frå scrolling på telefonen og zapping på TV og les om da kjekka me helde på med på Verftet!



Ungdommane (veteranane) fekk køyrd seg på dagens økt med Margrethe "go hard or go home" Fosen. Det var så vidt Issa og Terje var i stand til å stå oppreist. Det var likevel ikkje så ille at dei ikkje klarte å presse fram eit smil for den flotte fotografen!




Dagens Veftet WOD innehaldt ein del nye rørsler. Håpar mange fekk utfordra seg litt med mobilitet og styrke i dag! Ein ting er å vere sterk i ei spesifikk rørsle, men i funksjonell trening handlar det jo trass alt om å kunne vere sterk i alle slags posisjonar, så difor er det viktig å utfordre sin mobilitet, og sørge for at ein kan bruke kroppen i forskjellige posisjonar! Under ser ein Hans og gjengen frå 19-timen som gjennomfører dagens "del 1 - Dumbbel pull over".


Del to av dagens økt innehaldt ein haug hoppetau og situps. I tillegg var den krydra med bent over rows, renegade rows og man makers (usikker på kor mange mannfolk som blei laga i løpet av dagen, men ikkje få i alle fall). Mange fekk seg nok eit positiv/negativ overrasking over kor tung sistnevnte øvelse var. Om du ikkje tok den i dag, kan det anbefalast å teste denne økta for å sjå om dette kan bli ein ny favorittøvelse for deg. Under kan du sjå dagens økt.





Det var også BAF-time på Verftet i dag! Ein knakande kjekk time med ein strålande positiv gjeng. Coachen var litt sløv på timen, så det blei dårleg med bileter frå den desverre (veit ikkje kven som var coach der...)



Peace, helsing Eirik&Thaddeus :-D




154 views

Comments


bottom of page