Goa kvedlen alle saman! :-D
I dag var dagen for å øve på noko av det mest tekniske me gjer i crossfit; olympiske løft. Nærare bestemd rykk (eller snatch for dei av dykk som likar betre internasjonale uttrykk ;)). Her har nok alle veldig forskjellige utgangspunkt. For nokre er dette heilt nytt, og ei øving som krever mykje mental kapasitet. Og det er ofte vanskeleg å tenke på alle dei små (men viktige) detaljane som gjer ein i stand til å meistre denne øvinga. I alle fall å tenke på alt samtidig og mens ein gjer løftet..! Difor har ein fokus på 1 eller maks 2 ting om gongen når ein trenar på dette.
Øvinga er derimot svært mykje brukt i timane våre i forskjellige former (kettlebells, dumbbels, barbells etc...). Med andre ord er rykket (snatchen) viktig å meistre. Håpar ikkje nokon opplevde skader liknande videoen under...
Av det eg såg på ettermiddagsøktene så gjorde alle gode framsteg i løftinga si. Ta med dykk det som coachen dykkar har sagt til dykk til neste gong de snatchar, og ha eit aktivt forhold til di eiga læring. Fokuser på kva som kjennes rett, ta til dykk tips, og hald på det de gjer bra!
Dagens økt
Ein annan ting som absolutt er verdt å nemne er at Verftet hadde besøk av den regjerande verdsmeisteren i crossfit; Tia-Clair Toomey. Berre sjå på bileta under:
Til venstre ser ein nemleg Tia-Clair Toomey på Verftet, medan til høgre ser ein ho under eit av hennar mange vektløftar-stevner! Thaddeus syns i alle fall likheita var slåande. Kva syns du?
Me gjorde også bent over rows + at me sykla roleg i eitt minutt som afterparty i dag. Karina og eg var i alle fall einige om at dagens sprint på echo-biken berre var peanøtter!
Under ser du mange flotte løftetryner frå dagens økt!
Dagens resultat:
Ha ein strålande kveld! Helsing Eirik&Margrethe :D
Comentários