Hallaien, og god kveld alle! :-D
Kva er vel bedre enn å trene samtidig som ein får påfyll av D-vitaminer frå den gule klumpen i himlinga? Ikkje veit eg... I alle fall deilig å komme seg ut og springe litt i dagens økt!
Fokuset vårt i dag var å halde ein god standard på bevegelsane me gjorde sjølv om me var slitne og. Dette er eit viktig fokus fordi det er svært lett å senke standardane sine når blodpumpa går for fullt og hovudet ditt ber deg om å slutte. Det er her me ønsker at de skal gå inn i dykk sjølve og tvinge kroppen til å oppretthalde den gode standarden uansett sett kor slitne de blir. Dette har også svært stor overføringsverdi til livet generelt, og alle utfordringar ein møter i kvardagen. Alt dette får meg til å tenke på den karen på biletet under og hans mantra om at me skal bli den beste versjonen av oss sjølv.
Som coachar prøver me å sørge for at alle følger samme standard i løpet av øktene. Olav meldte at han kom til å jukse i dag, så underteikna fekk ein knallhard dag på jobben med å halda auge med han heile tida (neida, joda).
Det planlegges ein kjekk sosial happening for sommaren i lag med "hos Carlos". Følg med :-D
Dagens økt:
Bilder frå dagen:
Og til slutt er dagens resultattavle:
Ha ein fortreffeleg kveld alle som ein! Peace out; Eirik&Magz
Comments