Kondis, skill og styrke! I dag fekk me trent mange eigenskapar på kort tid! Det gjer me vel kanskje veldig ofte i crossfit når eg tenker meg om. Tauklatring med fokus på å låse tauet med beina, stødig rytme på sykkelen, og store sett på styrken! Variert, utfordrande og moro! Håpar alle fekk med seg eit par tips eller oppdaga noko som gjorde dykk 1% bedre. Om ikkje du har tenkt over det endå, ta deg eit par minutt for å tenke over kva du kan ta med deg frå dagens økt for å bli den %-en betre.
I tillegg hadde me eit par rundar med ein tung sandbag for å styrke kjernen. Denne fekk me gjensyn med etter økta, og eg reknar med at dei fleste kjente på at kroppen hadde fått køyrd seg og at det var vanskeleg å komme seg gjennom sjølv om lengden blei halvert!
Dersom det var tid på timen, hadde me også ein pullups-bit på programmet i dag! Her merka eg for min eigen del at det var bra at Thadeus piska meg i gang... Om ikkje hadde eg definitivt valgt den bort (haha).
Møte med fat to fit - gjengen! Spennande! Følg med på TV-Haugaland framover for å få med deg dette!
Under er bileter frå dagen!
Og til sist i dag får du som alltid resultattavla frå dagen!
Vensam helsing og god kveld frå Eirik&Andreas. Peace out!
Comments